Os folkebibliotek
   Skuleelev?     Hovudside
Fakta om
biblioteket
Boktips for
barn og unge
Lånereglar




Skuleelev


Tips om
særemne i Stavanger bibliotek 
Tips om særemne i Deichmanske bibliotek

 

Oppgåveskriving

Brått treng du grundig kunnskap om eit eller anna emne - til ei oppgåve, ein stil eller noko anna. Det som er skrive om emnet kan skaffast på biblioteket - men korleis finn du fram til det?


Kom i god tid!
Det tar tid å finna den rette litteraturen. Den litteraturen du skal nytta kan vera utlånt. Ein del materiale skal kanskje skaffast frå andre bibliotek. Ventetida kan vera frå ei veke til fleire månader. Fortell bibliotekpersonalet når materialet skal brukast. Jo tidlegare du bestiller, jo større er sjansen for at vi finn spanande stoff - og at du får det i tide!

Val av emne og oppgåve
Jo meir veldefinert og klart avgrensa emnet for oppgåva er, jo betre hjelp kan biblioteket gi. Før du vel oppgåve, undersøk om det finst nok relevant litteratur om emnet! Du kan bruka leksika, handbøker eller lærebøker for å få eit oversyn over emnet. Bibliotekpersonalet kan hjelpa til med å vurdera om litteraturen er relevant for ditt emne.

Val av bibliotek
Dersom du går på skule, bruk først skulebiblioteket. Ta deretter kontakt med folkebiblioteket. Biblioteka samarbeider. Den litteraturen og informasjonen som ikkje finst på det lokale biblioteket, kan som oftast skaffast frå andre bibliotek.

Val av litteratur
Ikkje alle bøker og tidsskrift kan lånast med heim, men må kanskje brukast på biblioteket. Ver budd på å leita sjølv, men be om hjelp dersom du treng det. Tenk på at litteratur om aktuelle emne som er mykje omtalte i media, ofte er utlånt. Mange emne er heller ikkje omtalte skriftleg på norsk. Når mange skriv om det samme emnet, må ein dela på litteraturen.

Bøker eller artiklar?
Mange emne er grundig skrivne om i bøker, men fleire - særleg aktuelle emne - er berre omtalte i aviser og tidsskrift. Når du bestiller litteratur, så merk deg dei kjelde- og litteraturhenvisningane som du kan finna i bøker, artiklar og leksika. Dei vil kunna vera eit godt utgangspunkt for vidare litteratursøking om emnet. Notér alle opplysningar - forfattar, tittel, utgjevarår, evt. sidetal, tidsskrift, årgang m.m.

Dette finn du på biblioteket:
Bøker, oppslagsverk, allmenne tidsskrift, aviser, lover, statistikk, lydbøker, videofilmar, offentleg informasjon, elektronisk informasjon - og mykje meir.

 



 

    
   OS KOMMUNE
   Innbyggjartal: 16.684
 
                      



 Os inspirerer!

Hovudside
Adresser, opningstider
Arrangement
Fakta om biblioteket
Lesegleder 
Lokalhistorie
Skuleelev 
Lenker
Sidekart stikkord
Mine lån,  nettsøk
Tilsette