Os folkebibliotek
   Biblioteket    Hovudside
   
Fakta om
biblioteket
Adresser,
opningstider
Lånereglar




Lånereglar


Lånereglar
Det er gratis å låna. Alle lånarar må ha lånekort. Lånekorta kan skrivast ut til alle - frå skulealder.

Lånetid
Utlånstida for bøker, lydbøker, teikneseriar, tidsskrift og musikk er 4 veker, mens lånetida for filmar er 1 veke.

Fornying av lån
Alt du lånar, med unntak av filmar, kan fornyast inntil to gonger dersom det ikkje er andre som ventar på det. Har du hatt lånet i tre månader, får du ikkje fornya fleire gonger. Videolån kan ikkje fornyast. Fornyingane kan du ordna sjølv, i Meg & Mitt (dersom biblioteket har e-postadressa di).

Forlenga lånetid
Dersom du skal vera vekkreist i lang tid - til dømes på ferie eller på arbeid i Nordsjøen - kan du be om å få utvida lånetida med ein gong. Vi tek visse atterhald når det gjeld heilt nye bøker som mange er interesserte i å lesa.

Venteliste
Bøker og anna materiale som vi har ventelister på, kan du ikkje låna lenger enn 4 veker. Dersom du ikkje vert ferdig med lånet i løpet av denne tida, må du levera inn og føra deg på venteliste ein gong til.

Kva skjer om du gløymer å levera?
Dersom det du har lånt ikkje vert levert i tide, sender vi ei påminning om at lånetida er forfalt (ei purring). Det er eit gebyr å betala for kvar purring vi må senda ut (kr 25,- for vaksne, kr 10,- for barn). Dersom bøker/ filmar/ CD'ar/ teikneseriar/ tidsskrift ikkje vert leverte tilbake til biblioteket, må dei erstattast. Etter tredje purring vert det sendt ut erstatningskrav.











Øydelagt eller tapt materiale
Dersom du mistar eller øydelegg det du har lånt, må du erstatta materialet. Du må betala det det kostar for biblioteket å kjøpa inn nytt. Ein del bibliotekmateriale (til dømes filmar, kassettband og pocketbøker) er det stor slitasje på. Øydeleggjingar som skuldast allminneleg slitasje, slepp du å betala for.

 

    
   OS KOMMUNE
   Innbyggjartal: 16.684
 
                      



 Os inspirerer!

Hovudside
Adresser, opningstider
Arrangement
Fakta om biblioteket
Lesegleder 
Lokalhistorie
Skuleelev 
Lenker
Sidekart stikkord
Mine lån,  nettsøk
Tilsette