|

| |
| Os folkebibliotek |
|
Fakta om biblioteket
|
| Kort
historikk |
Os
sogns almuebogsamling vart skipa i 1828, etter initiativ frå presten i
Os, Andreas Undal Jersin. Den første samlinga besto av 48 bøker.
Les meir.
|
|
Mål og service |

Bibliotektenesta i Os høyrer inn under
Kultureininga i Os kommune, som igjen er
organisert under Avdeling for oppvekst og kultur. Overordna
målsetting er Lov om folkebibliotek §1.
Les meir.
|
| Lånereglar |
Finn
du her.
|
| Innlån
frå andre bibliotek |
Bøker
vi ikkje har i hyllene på Os folkebibliotek, kan vi låna inn
frå andre bibliotek. Eit slikt fjernlån er gratis, og det tar
omlag ei veke å få bøkene i hus. Fagbøker til studier kan til
dels skaffast frå folkebiblioteksektoren. Pensumbøker som berre
finst i universitets- og høgskulebiblioteka, er ikkje alltid
mogleg å fjernlåna. Fagbiblioteka har plikt til å prioritera
sine eigne studentar.
Dersom du treng ein artikkel frå eit tidsskrift, må du betala ei
kopieringsavgift per side, for tida kr 3,- per ark.
|
| Retur
av lån frå andre bibliotek |
Bøker
vi har lånt inn til våre lånarar frå andre bibliotek, sender
vi òg i retur. Bøker som lånarane sjølv har lånt ved
bibliotek andre stader i landet, må dei sjølv returnera.
|
| PC'ar
for publikum |

Vi
har 10 PC'ar til bruk for publikum - fire internettmaskinar der du
kan spela spill og surfa på internett i inntil ein time per dag (TANTE
SOFIE, GUMMI-TARZAN, LILLE MY og
PETER PAN),
to PC'ar til kjappe e-postsjekkar og litt avislesing (PIPPILOTTA
og KNERTEN),
to studie-PC'ar der du kan arbeida med oppgåva di over litt
lenger tid (ASTERIX
og OBELIX),
ein PC på lokalsamlinga til slektsgransking (MADAM
ANE) og
ein PC til søking i Os folkebibliotek sin bokbase (FINDUS).
|
| Lesesal |

I
Os folkebibliotek finn du ikkje stille studieplassar. Vi har eit
triveleg leserom med eit par studie-PC'ar og gode arbeidsbord der du kan lesa i ro og mak
- men til akkompagnement frå lånarar som tek seg fram i resten
av biblioteket.
|
| Framandspråklege
bøker |
Deichmanske
bibliotek i Oslo har eit landsomfattande ansvar for å kjøpa inn
bøker på andre språk enn norsk. Desse bøkene kan lånast ut
til alle folkebibliotek i landet - anten ved at lånarane ber om
å få låna einskilde bøker, eller ved at biblioteka bestiller
depot på ulike språk. I Os folkebibliotek har vi for tida
bokdepot på arabisk, serbokroatisk, russisk, vietnamesisk, somali
og engelsk. Ta kontakt
dersom du ønskjer bøker på ditt eige språk!
|
| Teieplikt |
Dei
tilsette i folkebiblioteka har teieplikt om alt vi får kjennskap
til om einskildpersonar over skranken i biblioteket. Det er ikkje
tillate å snakka om kva einskildpersonar har lånt, kva dei har
fortalt i samband med lån og kva dei eventuelt ikkje har levert.
Det er heller ikkje lovleg å ta vare på lister over tidlegare
lån.
|
| Tilsette |
| Sjå
her.
|
|
|
| |
OS KOMMUNE
Innbyggjartal: 16.684

Os
inspirerer!
|