Bibliotekverksemd
i Norge
Folkebiblioteka i Norge skal ha til oppgåve å fremja opplysing, utdanning
og annan kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å
stilla bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon for
alle som bor i landet. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbod til
barn og vaksne leggja vekt på kvalitet, allsidigheit og aktualitet.
Verksemda skal vera utadretta, og tilboda skal gjerast kjend.
- Les biblioteka
sin mytekverkar
!
Biblioteket på saklista
|
|
Utdanning
|
| Vi lever i eit
utdanningssamfunn. Det stiller store krav til folkebiblioteka.
Utdanninga startar i barnehagen og held fram gjennom grunnskule,
vidaregåande, høgskular, universitet og vaksenopplæring.
Biblioteket har eit ansvar for alle desse gruppene. Bøker og IT er
reiskap i all utdanning
Eit
godt folkebibliotek er vegvisar
i utdanning og læring
|
|
IT
|
| Informasjonen folk kan
henta ned over internett er utan grenser ... Folkebiblioteka er
kopla mot resten av verda. På biblioteket har du tilgang til ny
informasjonsteknologi endå om du ikkje har PC, internett og ein
13-årig datafreak i heimen. Og du får profesjonell hjelp til å
finna fram.
Eit
godt folkebibliotek gir alle tilgang
til nye
media
|
|
Offentleg informasjon
|
| Kommunal-,
fylkeskommunal og statleg informasjon kan folk få på mange ulike
kantar - dersom dei finn fram ... I folkebiblioteka kan brukarane
få alt på ein stad. Dei kan supplera med informasjon frå avisar,
tidsskrift, bøker og databasar. Dei tilsette er spesialutdanna til
å hjelpa med å finna fram informasjon.
Eit
godt folkebibliotek sikrar
demokratiet
|
|
Biblioteklova
|
Biblioteklova slår
fast at folkebiblioteka sine tilbod skal vera:
- aktuelle
- allsidige
- av kvalitet
- gratis
|
|
Biblioteket sine tilbod
|
| Biblioteket har:
-
Krim - Poesi -
Fantasi -
Kjærleik
- Biletbøker
- Hobby -
Reisehandbøker
- Ungdomsbøker
- Eventyr - Lydbøker
-
Dyrebøker - Videofilmar
- Sportsbøker
- Lover
- Stortingsmeldingar -
NOUar
-
Aviser - Leksika
- Reguleringsplanar
-
Hovudutvalspapir -
Kommunestyrepapir
- Databøker -
Språkkurs - Statistikk
-
Tidsskrift - Internett
|
|
Biblioteket som møteplass
|
| Biblioteket er
møteplass for menneske i alle aldrar og frå mange kulturar. Her
kan dei lesa aviser, tidsskrift og bøker. Biblioteket er ein stad
for utstillingar, teater og eventyr, for samtale - eller ei stille
stund.
I
eit godt folkebibliotek er
det
høgt under taket
|
|
Bibliotek og leseglede
|
| Skjønnlitteraturen
gir både barn og vaksne gode opplevingar - anten vi les Sigrid
Undset, Astrid Lindgren eller Erlend Loe. Gjennom bøkene reiser vi
raskt og lett i tid og rom. Vi vert kjende med menneske, får gode
vener, inspirasjon og underhaldning.
Eit
godt folkebibliotek gir oss
eit rikare liv
|
|
Brukarane
|
1.871.836 menneske
besøker folkebiblioteka i Hordaland på eitt år. Dei lånar
2.028.560 bøker, videofilmar, lydbøker, CD-ROM ... Og i meir enn
30 av hordalandskommunane kan dei nytta internett i biblioteket.
|
| Til
slutt Tidsskrift |
| Korleis er
folkebiblioteket i din kommune?
Har folk i din kommune tilgang
til aktuell og allsidig informasjon på biblioteket?
Stør du biblioteket?
_________________________________________________________________________________________
Teksten er laga av: Norsk
bibliotekforening, avd. Hordaland
|