Os folkebibliotek
   Biblioteket     Hovudside
Fakta om
biblioteket
Adresser,
opningstider
Lånereglar




Fakta om biblioteket



Kort historikk
Os sogns almuebogsamling vart skipa i 1828, etter initiativ frå presten i Os, Andreas Undal Jersin. Den første samlinga besto av 48 bøker. Les meir.

Mål og service

Bibliotektenesta i Os høyrer inn under Kultureininga i Os kommune, som igjen er organisert under Avdeling for oppvekst og kultur. Overordna målsetting er Lov om folkebibliotek §1.
Les meir.



Lånereglar
Finn du her.

Innlån frå andre bibliotek
Bøker vi ikkje har i hyllene på Os folkebibliotek, kan vi låna inn frå andre bibliotek. Eit slikt fjernlån er gratis, og det tar omlag ei veke å få bøkene i hus. Fagbøker til studier kan til dels skaffast frå folkebiblioteksektoren. Pensumbøker som berre finst i universitets- og høgskulebiblioteka, er ikkje alltid mogleg å fjernlåna. Fagbiblioteka har plikt til å prioritera sine eigne studentar.
Dersom du treng ein artikkel frå eit tidsskrift, må du betala ei kopieringsavgift per side, for tida kr 3,- per ark.

Retur av lån frå andre bibliotek

Bøker vi har lånt inn til våre lånarar frå andre bibliotek, sender vi òg i retur. Bøker som lånarane sjølv har lånt ved bibliotek andre stader i landet, må dei sjølv returnera.




PC'ar for publikum

Vi har 10 PC'ar til bruk for publikum - fire internettmaskinar der du kan spela spill og surfa på internett i inntil ein time per dag (TANTE SOFIE, GUMMI-TARZAN, LILLE MY og PETER PAN), to PC'ar til kjappe e-postsjekkar og litt avislesing (PIPPILOTTA og KNERTEN), to studie-PC'ar der du kan arbeida med oppgåva di over litt lenger tid (ASTERIX og OBELIX), ein PC på lokalsamlinga til slektsgransking (MADAM ANE) og ein PC til søking i Os folkebibliotek sin bokbase (FINDUS).  

Lesesal

I Os folkebibliotek finn du ikkje stille studieplassar. Vi har eit triveleg leserom med eit par studie-PC'ar og gode arbeidsbord der du kan lesa i ro og mak - men til akkompagnement frå lånarar som tek seg fram i resten av biblioteket.



Framandspråklege bøker
Deichmanske bibliotek i Oslo har eit landsomfattande ansvar for å kjøpa inn bøker på andre språk enn norsk. Desse bøkene kan lånast ut til alle folkebibliotek i landet - anten ved at lånarane ber om å få låna einskilde bøker, eller ved at biblioteka bestiller depot på ulike språk. I Os folkebibliotek har vi for tida bokdepot på arabisk, serbokroatisk, russisk, vietnamesisk, somali og engelsk. Ta kontakt dersom du ønskjer bøker på ditt eige språk!

Teieplikt
Dei tilsette i folkebiblioteka har teieplikt om alt vi får kjennskap til om einskildpersonar over skranken i biblioteket. Det er ikkje tillate å snakka om kva einskildpersonar har lånt, kva dei har fortalt i samband med lån og kva dei eventuelt ikkje har levert. Det er heller ikkje lovleg å ta vare på lister over tidlegare lån.

Tilsette
Sjå her.




 



 

    
   OS KOMMUNE
   Innbyggjartal: 16.684
 
                      



 Os inspirerer!

Hovudside
Adresser, opningstider
Arrangement
Fakta om biblioteket
Lesegleder 
Lokalhistorie
Skuleelev 
Lenker
Sidekart stikkord
Mine lån,  nettsøk
Tilsette