Biblioteket er einav dei hyggjelege møteplassane i
Os-bygda. Her finn du stoff til informasjon, inspirasjon, studium, draumar, ettertanke og underhaldning - heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og
tidsskrift, gjera lekser,
sjekkae-post og surfa på internett.
Vi som arbeidar i
biblioteket likar ei utfordring og stiller gjerne opp for å finna
rett bok til skuleelevar, studentar og andre lystlesarar. Det vi
ikkje finn i eigne hyller, kan vi låna inn frå andre bibliotek. Dei
som vil halda seg oppdaterte på politiske hendingar, finn
stortingsmeldingar, NOU'ar, lokale reguleringsplanar og sakspapir
til forvaltningsstyret, formannsskapet og kommunestyret.
La
deg inspirera
I biblioteket finn du
bøker i alle former og fargar - det er fritt fram for å jakta i hyllene på eiga hand, snakka med dei tilsette og få tips til noko
å lesa, be om hjelp til å finna fram til strikkeoppskriftar,
hundebøker, ordlister, grøssarar - eller kva det no måtte vera du
har lyst til å gje deg i kast med. I hyllene finn du òg lydbøker,
videoar, teikneseriar og nokre
musikk-CD'ar.
Meir
enn boklån
I biblioteket kan du
slå deg ned rundt borda i vinduskroken med ein kopp kaffi og ferske aviser og
tidsskrift, du kan setja deg i ungdomskroken med ein teikneserie,
eller du kan ta fram matpakka og ha lunsj med naboen. Biblioteket
får liv av dei som bruker det, og vi ønskjer at flest mogleg skal
boltra seg i tekstlege og biletlege opplevingar.
Utstillingar
og opplevingar
Med jamne
mellomrom kan
du få med deg utstillingar i
biblioteket.
Lokale kunstnarar,
hobbysnikkarar, skuleelevar og andre som har noko
dei vil vise
fram, kan gjera avtale om å låna
utstillingsplass. Vi freistar å få til barneteater eit
par
gongar kvart halvår, ein og annan
forfattarkveld - og kan henda ei eventyrstund i ny og ne.
Lokalhistorisk
arkiv
Lokalsamlinga inneheld
mellom anna bilete av Os og osingar i gamle dagar, skrifter av og om
osingar, og stoff om institusjonar og hendingar i Os-bygda. Finn du
eit bilete du vil ha, kan du kjøpa ein kopi. Du kan òg vera med og
byggja opp lokalsamlinga ved å tipsa oss om trykksakar o.a.